Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

Rask og sunn!



Etter ei hard treningsøkt på CrossFit Førde romler det godt i magen når vi er komt tilbake til Ålhus. 
Då har eg ikkje tolmodigheit til å bruke lang tid på å tilberede meg mat, så raske og sunne måltider er difor viktig :) Eg ynskjer å gi kroppen min mat som er med på å restituere og gi meg overskot i kvardagen, men med ein balanse av sunnhet og god smak! Dagens lunch var akkurat i den sjangeren, så den anbefaler eg deg å prøve. Kombinasjonen av brødskiver, avocado, serrano skinke og ost er nok ikkje det mest kalorifattige, og det kan difor vere greit å nytte seg av eit sånt måltid i samanheng med trening :)

Du treng:
Rugbrød
Avocado
Serrano skinke / kalkun skinke eller liknande
Mozarella ost

Grill brødskivene i ein brødrister eller i ovnen for å få den krispe smaken medan du moser ein avokado. Når brødet er ferdig smører du avokadoen utover brødskivene før du pynter med skinke og mozarella på toppen :) Nam! 

4 kommentarer

Fredrikke Gustavsen

08.07.2017 kl.15:11

Åhh, deilig!

Synne Ripe

08.07.2017 kl.15:21

Fredrikke Gustavsen: Veldig! :)

Ingrid Horntvedt

08.07.2017 kl.20:52

Det så skikkelig godt ut!

Synne Ripe

09.07.2017 kl.12:50

Ingrid Horntvedt: Det smaker enda betre enn det ser ut! :)

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits