Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

We did it again!



Omg, eg skal aldri undervurdere CrossFit Invictus sine EMOM'er igjen!
Ettersom eg gjekk glipp av den eg hadde på mitt program på onsdag tenkte eg at det kunne være kjekt å hive meg med på den som Malin og Kristoffer hadde på sin. Den kan jo neppe vere verre enn den vi har på athlete programmet tenkte eg for meg sjølv. Haha. Så feil kan ein jo ta ;) Etter 30 minutter med dagens kombinasjon hadde eg greidd å kave meg opp på så mykje som 205 i puls, og det var verkeleg reservebatteria dei siste to rundene blei utført på. 

Ynskjer du å prøve?
EMOM for 30 minutes, alternate every minute between:
1. 4 Burpee box jump overs + 4 Chest to bar (gutta tok 8stk)
2. 4 Burpee box jump overs + 3 strict handstand push ups (gutta tok 6stk)
3. 4 Burpee box jump overs + 8 wall balls @ 9kg

Dei første 2-3 rundene var ikkje noko problem, og eg hadde ca 20 sekunder pause til overs kvar runde. Når vi bikka 10 og 15 minutter derimot - ikkje så veldig kjepphøg ;) Heldigvis er det kjekkare å ha det vondt i godt selskap, haha! Takk til Richard, Malin og Kristoffer for ei kjekk laurdagsøkt!


Bildet er ifrå 17.mai :)

Ha ein fortsatt fin laurdag!
 

2 kommentarer

Camilla

09.07.2017 kl.09:22

Kan ikke du skrive mer om gymnastic? Tror det er en utfordring for veldig mange :D

Synne Ripe

09.07.2017 kl.12:50

Camilla: Sjølvsagt, det skal eg gjere :) Noko spesielt du vil lese meir om eller generelt litt av alt? :)

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits