Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

Treningsveka som var

Ei ny veke står for tur, og det er på tide å evaluere veka som har vore. 
Eg loggfører alle treningsøktene mine, og har på den måten alltid oversikt på kva eg har gjort, når eg har prestert bra og når ting har gått dårleg. Det er sjeldan eg har treningsveker som eg vil definere som "dårleg", men etter dei første to treningsdagane så var det akkurat det ordet eg ville bruke for å beskrive mandag og tirsdag. Kroppen var tung, spelte ikkje på lag og eg måtte til slutt kutte på både volum og intensitet i forhold til det som var planen. Eg kan ikkje huske forrige gong eg hadde ei fullstendig deload (kvile) veke, men istadenfor å gjere det gjorde eg heller nokon endringer i forhold til mengde. Eg auka også mengden med mat, før eg deretter trøkte på igjen på fredag. Det fungerte veldig bra, og både fredag og laurdag vart to knallgode treningsdager :) Dersom kroppen responderer uvanleg dårleg på ei treningsmengde du ellers er vant med, så er det stort sett ein god grunn til det! 


I tillegg til trening og oppussing, har vi også hatt besøk av den nydelege karen her :) "Myrkvi" er ein blanding mellom mops og boston terrier, og vi har vore heldig å fått vore hundepasser medan eigerane har vore på ein liten helgetur :)


Han har så utruleg fin fargekombinasjon synest eg :)

Søndag har som vanleg vore treningsfri, og eg kjenner eg gleder meg til ei ny veke med nye utfordringer! Då det er fulle dager på jobb må eg prøve så godt eg kan å planlegge når eg skal få utført mine planlagte treningsøkter :) 



Fører du treningsdagbok? Isåfall bruker du papir, mobil, data eller andre ting for å loggføre? :)
Planlegger du treningsveka di i forkant? Lager du opplegg sjølv eller får du det ifrå andre?

6 kommentarer

Karoline

09.07.2017 kl.20:16

Bruker bok å skrive i, samtidig som jeg har Polar Flow som også gjør leggingen lettere :-) Planlegger som regel søndag og melder meg på treninger da, eller ser når jeg har mulighet til å løpe. Løpeøktene varierer jeg på. Henter inspirasjon fra deg og andre treningsjenter :-)

Synne Ripe

12.07.2017 kl.08:48

Karoline: Lurt! :) Eg forstår rett og slett ikkje dei som klarer å gjere den samme løpeøkta om og om igjen i evigheter :)

Elsa

12.07.2017 kl.11:59

Takk for allt. Dere er utrolig kjekke og Myrkvi likte veldig besøket! Vi er heldig at kjenne deg. ❤

Synne Ripe

12.07.2017 kl.15:11

Elsa: Det var ein glede å ha han hos oss! :) Han er velkommen tilbake når som helst! :)

Ida

17.07.2017 kl.22:00

Hei! Setter du opp program til deg selv? Kjører du CrossFit hver treningsøkt eller hvordan legger du opp uken? Takk for svar😌

Hilsen fersking innen CrossFit

Synne Ripe

18.07.2017 kl.14:05

Ida: Hei, eg følgjer eit program som blir lagt ut på nettet kvar morning, også legger eller fjerner eg eventuelt ting sånn som det passer meg :) Trener CrossFit 6 dager i veka :)

I mine første 3 år med CrossFit trente eg meir vilkårleg i kombinasjon med ordinær styrketrening. Om ein har moglegheit til det er det veldig lurt å gå på timer om du bur nær ein godkjend CrossFit boks :) Då vil du få hjelp til innlæring av øvelser, samt at du slipper å programmere sjølv :)

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits