Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

Derfor trener eg



Opp gjennom åra har eg ofte fått både spørsmål og kommentarer på kvifor eg "gidder" å sette av så mykje tid til trening. For meg har det vore heilt naturleg, og er noko eg sjølv valgte å starte med når eg var yngre og hadde behov for å finne noko eg kunne bruke som min form for "terapi". Det starta med jogging og fjellturer, for så at eg prøvde meg innan både symjing, fotball, vektløftning, badmingthon, dans, riding og til slutt styrketrening. Eg holder fortsatt på med 6 av desse aktivitetane, og det er takket vere CrossFit :) 

Min motivasjon for å trene:

#1. Det gir meg masse overskot. 

Sjølv om treninga mi er tung, så er alltid målet å ligge akkurat i grensa på kva eg tåler og samtidig oppnår restitusjon og overskot. Dager utan trening føler eg meg fort både trøytt og slapp, og er grunnen til at eg aldri har ein dag fullstendig utan aktivitet.

#2. Det gir meg glede.
Det å meistre nye ting, bli betre og samtidig bruke kroppen på ein god måte gir meg masse glede (og betre sjølvtillit) i kvardagen. Sjølv om eg liker å slappe av med ein god film, så er det ingenting som slår følelsen etter ei god treningsøkt.

#3. Det er sosialt.
Eg liker ikkje å trene aleine lenger, og vi prøver så ofte vi kan å samle vår lille treningsgjeng. Sjølv om ikkje alle følgjer samme program er det å møtast, prate og tulle litt under oppvarming og i pauser, samt ta kondisjonsdelen av programmet i felleskap med på å skape betre treningsøkter både sosialt og resultatmessig :)

#4. Det bygger styrke både fysisk og psykisk.
Trening starta som terapi for meg i ein periode eg trengte noko for å flytte fokuset mitt over på. Det var min måte å få ut negativ energi, og har gjort meg langt sterkare mot mentale utfordringer. I tillegg til å ruste opp psyken, har også treninga gjort meg langt betre til å takle ein kvardag uavhengig av om den består av mange timer med stillesitting, tunge løft eller løping over lange distanser.

#5. Treninga har holdt meg sjukdomsfri.
Med unntak av ein akilles ruptur har eg i mine snart 28 år aldri vore ute av jobb/skule pga sjukdom eller skade. Det er noko eg veit at eg kan takke treninga for. Eg er sjeldan sjuk, og til tross for store treningsmengder sliter eg heller ikkje med typiske plager i rygg, skuldre og nakke. Om eg ein gong skal ha barn er også eit stort mål for meg å holde meg aktiv gjennom heile svangerskapet, og det fordi eg veit at det vil skape ein betre start for både meg og ein eventuell baby.



Det var 5 av mine grunner. Kva er dine? :) 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits