Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

EMOM of the day!

Det vart ingen tid til å presse inn trening igår pga litt for mykje på jobbfronten. Det betydde difor at dagens opprinnelege kviledag vart treningsdag - noko som aldri gjer meg noko :) Både eg og Richard visste godt kva som var på planen, nemleg vekas faste 30 minutters EMOM (every minute on the minute).



Dagens EMOM var faktisk ein av dei eg har likt aller best! 
Dagsformen var rett og slett pyton pga 4 netter med dårleg søvn (noko som er drepen for meg), men sjølve oppsettet traff meg midt i blinken :) Rett og slett ein kjekk variant, samanlikna med helvetesturane dei har utsatt oss for dei siste vekene :p 

Ynskjer du å prøve sjølv?

Every minute on the minute for 30 minutes, alternate between:
Minute 2: 10 Burpee Box Jump Overs
Minute 2: 20 Double unders + 10 Pull ups
Minute 3: 10 Dumbbell snatches @ 25kg <- eg skalerte til 15kg



Det vart etterspurt meir om gymnastics på bloggen, og det kjem det imorra :) Då har eg endeleg litt ledig tid på kalenderen min, og har planer om å få tatt igjen litt av det som har samla seg opp over dei siste dagane :) 

Ha ein fortsatt fin torsdag da du! :) 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits