Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

Because it makes me so damn happy

Då har eg akkurat fulgt Richard til bussen, og han er no på veg til Tyskland der han skal besøke familien sin i litt over ei veke. Det vart brått veldig stille i det store huset, men heldigvis har eg selskap i Dina og Molly :) Det at han reiste ikveld fekk meg til å tenke på at det blir litt trist å legge seg ikveld, og fekk meg på tanken om å skrive eit innlegg om ting i kvardagen som gjer at eg får det ekstra bra :) Kanskje det kan få deg inn på nokon positive tanker før hodet ditt treffer puta ikveld?



Det er mange ting eg setter pris på i kvardagen, men her har eg skrive nokon setninger om det første som poppa opp i hodet mitt akkurat no :)

#1. Det å kvar kveld få legge meg i senga trygt inntil Richard. Det er ingen pute i heile verda som er betre enn brystkassa hans, og med han føler eg meg alltid trygg. 

#2. Gode treningsøkter. Eg skreiv eit eige innlegg om nettopp mine grunner til å trene, men eg gløymde eit veldig viktig punkt - det at trening gjer også søvnen min langt betre. 

#3. Musikk. Eg veit ikkje kor eg hadde vore utan musikk. Musikk gir meg glede, inspirasjon, motivasjon og kan samtidig fungere som terapi i rette sinnstemninger.

#4. Ei god bok. Når eg var mindre kunne eg lett lese ut ei bok på nokon få dager, og når eg har moglegheiten liker eg gjerne å leite fram ei bok som eg kan lese på senga før eg legger meg. 

#5. Varme sommerdager. Få ting få meg i betre humør enn det at sola skinner på himmelen og eg kan rigge meg til på verandaen i nokon timer.

#6. Jentekvelder <3 Kven blir ikkje glad av det? 

#7. Rideturer. Besøk i stallen generelt er med på å heve dagen min noko hakk. Berre det å vere rundt dyr har ein avslappande påverknad på meg, og sprer automatisk lykke :) 

#8. Gode vennskap. Dei skikkelege gode vennskapa, der ein kan lese kvarandre som ei open bok og ein veit at det er 100% tillit. Det er undervurdert, og er noko som både betyr mykje, men også gir meg svært mykje. 



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits