Synne Ripe

27, Førde

Head Coach og dagleg leiar Crossfit Førde. Utdanning: Bachelorgrad i idrett med spesialisering i personleg trening, ernæring og coaching. Sertifisert Styrkecoach i regi av Atletisk utvikling, godkjent Rehab trainer/AFPT og Crossfit Level 2 Instruktør. Beauty and performance <3

@LILLERIPE

Start no, eller angre seinare :)

Ei ny veke står snart for tur og det betyr starten på enten skulestart eller jobb for dei aller fleste :) Det er ofte tungt å starte opp igjen etter ein lengre periode med ferie, og det gjelder også treninga. Det som får vere motivasjonen her er at det heldigvis ikkje tar lang tid før ein er inne i gode rutiner igjen :) Fleire av mine kunder har hatt litt "sommerferie" ifrå treninga si, og er ifrå mandag av klar for å fortsette der vi slapp før sommaren. Eg gleder meg til å treffe alle igjen, og eg er spent på korleis det har gått :) 

Det er mange fordommar rundt bruk av Personleg Trenar, og sjølv om det å ha PT vert stadig meir normalt og akseptert, så får eg fortsatt høyre kunder fortelle om enten sine egne eller personer i omgangskretsen sine fordommar rundt det. Mange meiner at det er dyrt, andre trur at vi ikkje gjer noko fornuftig når vi holder på. Mine egne meininger er at det å trene med ein PT både gir deg ein Coach, ein motivator, ein samtalepartner, ein venn og ein sparrepartner :) Eg har enda ikkje møtt nokon som har angra på å bruke tid og penger på å trene med meg. Spesielt kjekt er det å høyre om at venner og familie som tidlegare hadde fordommar mot det kryper til korset og innrømmer at det har gitt gode resultater! ;) 

Vil du lese meir om det? AFPT har skrive ein fin artikkel om nettopp temaet, og dei kom fram til følgjande konklusjoner:

- Tettare og hyppigare oppfølging gir meir incentiv for kunden til å "vere flink"

- Faste avtaler gjer det verre å skulke unna treningar

-Trening med PT blir meir intensive og meir effektive

- Kostholdet blir automatisk betre når ein ynskjer å "vere flink" for nokon og når ein blir sett

Les heile artikkelen her:

http://www.afpt.no/?page=18&title=tips_rad_og_kuriosa&post=1495&rel=52

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

2016 © Synne Næss Ripe

Design og utvikling: MundalDesign & Helene S. Book

hits