Mange har høyrd om Erik Bertrand Larssen, og svært mange har lest bøkene hans, hvertfall ein av dei. EBL er ein mental trener med bakgrunn i frå både Forsvaret og som siviløkonom. Han har dei siste åra gitt ut tre bøker, og reist landet rundt som foredragsholder. Dei fleste kjenner han som forfatteren av bøkene "Bli best med mental trening" og "Helvetesuka". Den siste boka han har gitt ut, er gitt tittelen "NÅ!". Den sistnevnte holder eg på å lese per dags dato.
Det er fleire år sidan eg kom over hans første bok, og hos meg falt dei spesielt i smak då mange av hans skildringer og metaforer kjem ifrå hans tid i Forsvaret. Det er skildringer som eg kjenner meg igjen i, og spesielt kontrastane og godfølelsen han så ofte jakter på er ein følelse eg har kjend på kroppen i svært mange tilfeller ifrå mi tid i Forsvaret. Hans skrivemåte er veldig enkel, og han bruker flittig historier, sitater og lister undervegs i sine første to bøker.

Dersom du ikkje kjenner til bøkene hans, men er som meg interessert i emnet mental trening, og kva du kan gjere for at du skal kunne endre deg sjølv i positiv retning, så er det her bøker eg sterkt vil anbefale. Eg har lest dei to første bøkene fleire gonger, og eg har sjølv utført "Helvetesuka" både i regi av Forsvaret, men også på eigenhånd ilag med Richard :)

I den første boka "Bli best med mental trening" får du vite korleis du skal endre tenkemåte og væremåte for å få ut ditt potensial. Han får deg til å tenke over livet ditt her og no, til å tenke over dine verdier, og til å sette deg mål. Den første boka er forarbeidet. Bok nr to, "Helvetesuka" er ei how to do it- bok :) Her får du lister du skal opprette, oppgåver du skal utføre og ulike modus og fokus som du skal ha i løpet av den kommande veka. I løpet av ei veke skal du skape ein forskjell i kvadagen din, du skal utnytte ditt fulle potensial og du skal jobbe med både vaner, tilstedeværelse, tankemåte og kvalitet.

Mandag 02. januar skal eg igjen utføre ei "Helvetesuke". Det er Anita som har tatt initiativet, og då eg lenge har tenkt på å gjere det igjen, så valgte eg å hive meg med. Kva er vel eit betre tidspunkt enn å starte det nye året med ein skikkeleg oppvask av uvaner? Vil du vere med?
I praksis betyr det at vi starter mandag kl05:00, og avslutter søndag kl22:00. Det innebærer ein del "regler" du skal følgje i løpet av veka, og eg skal her liste opp nokon av dei:
- Du skal stå opp kl05:00 kvar morning
- Du skal vere i seng kl22:00 kvar kveld
- Du skal vere ekstremt hardtarbeidande, fokusert, bevisst og pliktoppfyllande heile veka
- Du skal vere dedikert i forhold til planen
- Du skal vere blid, positiv og løsningsorientert heile tida
- Forbud mot sosiale medier i arbeidstida
- Koseprat med kollegaer skal vere på eit minimum
- Du skal trene minst ein gong per dag, helst ei morgenøkt
- TV er forbudt
Det her er som sagt berre nokon av oppgåvene du skal ha gjennom veka. Fleire av dei vil garantert vere ein game changer, og fleire vil vere overraskande harde eller lette å få til. Det vil uansett skape det EBL er ute etter, nemleg ein loop i kvardagen din. Ynskjer du å vere med å utføre ei Hekvetesveke? Anita har oppretta ei eiga facebook gruppe for eventen, og om du sender ho ein melding på FB (Anita Veberg) så sender ho deg ein invitasjon :) Eg tenkte også å bruke emneknaggen #Helvetesveka2017 på bilder eg legger ut ifrå perioden :)

Blir du med?