CrossFit and it’s EMOM’s

EMOM, kva betyr det?

I CrossFit har vi mange rare ord og uttrykk, og eit av dei som går igjen er EMOM. Det står enkelt og greit for “every minute on the minute”, som betyr at du utfører ein eller fleire spesifiserte oppgåver i løpet av minuttet over ein tidsperiode som er gitt. Feks: 10 burpees. Resterande tid som er igjen i det minuttet er pause. 

Grunnen til at det er mykje brukt i programmering generelt, derav av meg sjølv, er at det er mange fordeler ved å gjere nettopp det.

#1. Breaks & Pacing
Ved å ha økter som er oppsatt med EMOM vil du slippe å tenke sjølv, og legge deg fullstendig på autopilot etter det klokka seier. Det betyr at du på ein god måte blir tvungen til å ta mindre pauser, samtidig som du har full kontroll på når du skal starte på igjen. Det å bruke EMOM økter vil også gi deg eit klart svar på om du klarer å halde det samme tempoet gjennom heile økta, ettersom du får full oversikt over den spesifikke tida du bruker per runde.

#2. Mål på framgang
Det er svært enkelt og spesifikt å måle framgang med EMOM økter. Dersom ein har ei økt ein utfører ein gong i veka over ein periode på feks 4 veker, vil ein få eit spesifikt mål på om ein har blitt betre eller ikkje. Det kan enten vere ved at ein har måtte auke antall repetisjoner ein skal utføre, eller at ein ser at tida ein bruker på gitt oppgåve har gått ned. Spesielt kjekt er det å måle etter eit år med smart trening, der ein kan sjå kor mykje meir arbeid eller meir avanserte oppgåver ein kan tolerere samanlikna med tidlegare år 🙂 

#3. Best under press
Vi er alle ulike på kva settinger vi presterer best, men om ein er som meg, så kan EMOM vere eit glimrande verktøy for å “tvinge fram” betre prestasjoner. Av same årsak som at ein slipper å tenke sjølv, og har ei viss tid ein må forholde seg til, så kan det føre til at ein klarer å presse seg langt meir enn ein vanlegvis ville gjort. Det kan vere å endeleg meistre double unders med høg puls, å ta ei vekt i clean som du har hatt ein mental sperre på eller slå rekorden på unbroken wall balls. 

#4. Variasjon
Det beste eg veit med EMOM? Det kan nyttast til absolutt alt! Eg bruker det både til vektløftning, styrketrening, gymnastics driller, støtteøvelser og kondisjon. Her kan ein mikse og trikse, eller køyre etter eit spesifikt mål. 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg