Extra weight – extra results!

Dersom du føler at du treng litt ny variasjon, inspirasjon eller rett og slett ein ny type utfordring, så kan det å investere i ein vektvest kanskje vere noko for deg! Her snakker vi verkeleg om å ta treninga, og ikkje minst den fysiske formen til nye høgder, og det svært raskt! I Forsvaret har vi ofte mykje ekstra vekt å bære på, enten det er i form av pakning (sekk), stridsvest eller våpen. Det førte til at vi raskt vart i betre form enn det vi opprinneleg var, samtidig som at det å bære eigen kroppsvekt vart opplevd som luksus. Av den grunn valgte eg å investere i ein vektvest som eg kunne bruke både utanom militær trening, men også kombinert med bæring av pakning og våpen. 


Burpees med hjelm og stridsvest – det var heilt utruleg kva ein kunne få ein god tropp til å utføre 🙂 

Ein vektvest er genial til det aller meste, men det eg spesielt kan nevne er marsjing, løping, turer i fjellet, burpees og styrketrening som består av kroppsvektsøvelser (pull ups, push ups, muscle ups, dips, rope climbs). Det er likavel nokon ting du burde tenke over før du tar steget vidare, og starter med bruk av ytre motstand på den type øvelser 🙂 

#1. Treningsstatus
Ein må alltid sørgje for fornuftig progresjon, og dersom du per idag sliter med å utføre kroppsvektsøvelser, treng å skalere øktene du deltar på, eller sliter med å fullføre innanfor ein gitt timecap – då er kanskje ikkje tida inne for å investere i ein vest. Det er både ein stor belastning for ledda å plutseleg bære rundt på 5-15kg ekstra, samtidig som det vil ha mykje å sei på prestasjonen din under øktene. Dersom du derimot føler at det er for enkelt å ta muscle ups, pull ups og burpees per dags dato, då kan det absolutt vere verdt å prøve 🙂 

#2. Oppsettet av økta
Som eg har nevnt allereie så passer vesten best til øvelser der ein bruker egen kroppsvekt, som eit fint verktøy for å presse opp intensiteten. Det er derimot ingen særleg hensikt å putte på ein vest dersom du skal ha ei økt som kun inneheld øvelser med stang, og spesielt tunge vekter. Her vil det vere utfordring nok å oppretthalde ein god arbeidsveg, teknikk og fokus.

#3. Valg av vekt
Husk at det utgjer ein stor forskjell å legge på ekstra vekt i form av vest, sørg difor for at du auker gradvis. Det er fort gjort å bli overivrig, og slenge på alt som er tilgjengeleg, noko som vil vere veldig uheldig for spesielt rygg og kne. Vit at vi i Forsvaret heile tida har fokus på gradvis progresjon i alt ifrå tilpasning av marsjstøvler til kor mykje grunnutrustning ein bærer på. Grunnen er enkel, for korleis er det skader oppstår? Jo ved å utsette kroppen for: too much, too soon, to fast, too often and with too little rest. 🙂 Meininga er at kroppen skal tilpasse seg – ikkje bli knekt!

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg