Burn Baby Burn

Det har ikkje vore tid til mange pust i bakken idag, med ein arbeidsdag som starta kl08, og som har gått slag i slag sia! Eg føler meg heldig som har moglegheiten til å coache så mange positive og herlige personer, og hvertfall heldig som idag – som får moglegheiten til å delta sjølv 🙂 På torsdager har vi nemleg WOD Endurance etterfulgt av RomWod, og her skal eg så ofte eg kan hive meg med! Dagens økt var inspirert av Sara Sigmundsdottir og bestod av følgjande:

For time
500m roing
1200m løping
500m roing
800m løping
500m roing
400m løping


Bilde ifrå Vo2max test – det er vel tid for ein ny igjen snart 🙂

Vi var 6 kjekke som tok økta idag tidleg, og sjølv kom eg meg i mål på 20:20 min. Det var hardt! Det er litt tungvindt å forflytte seg ifrå boksen og inn til rommet der møllene er, men det var også ganske lekkert med litt pause i mellom slaga 😉 Absolutt ei økt eg anbefaler deg å prøve!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg