Matchday!

Endeleg er den her, første konkurransedagen i Open! 🙂 
Natt til fredag vart første økt lansert, og alt i alt er eg veldig fornøgd. Om eg skulle endra på noko, så må det vel vere at eg hadde likt om den var enda litt lengre, hehe. Økta har ein 20 minutters timecap og består av einarms dumbbell snatch og burpee box jump overs.

Eg har bevisst holdt meg litt unna box jumps med hensyn til akilles, og skulle gjerne ynskje eg var like god på det som det eg var før skaden inntraff. Uansett, så lenge eg kun hopper opp og går ned så skal ikkje det vere noko problem. Ein taper sjølvsagt litt tid, men det får berre vere 🙂 

Eg liker å ta ein “lett” gjennomgang av øktene før eg skal prestere, og nettopp det gjorde eg på morningen igår. Då greidde eg å fullføre på 14:30, og det med moglegheit for å presse på meir. Så idag er målet å krype meg så nærme 12-13 tallet som overhode mogleg 🙂 Eg krysser fingrane for god stemning i boksen, og mykje heiing, så skal eg nok komme i rett element!

Dersom du bur i Førde og har lyst til å ta turen innom, så holder vi dørene opne fra kl1300 og utover 🙂

4 kommentarer

Siste innlegg