17.1 is a wrap!

Første jobben er gjort, og no gjenstår det å kvile, og vente på sluttresultatet! 🙂

Planen min var egentleg å ta 17.1 idag, ettersom eg køyrde ein test på fredag. Etter litt meir ettertanke ombestemte eg meg, då eg gjerne ville bruke søndagen til å kvile, gjere andre ting og bli heilt klar for ei ny treningsveke 🙂 Til tross for ein smule sår rygg gjekk det som smurt, og eg greidde å skrelle av 51 sekunder samanlikna med når eg tok den første gong! 

Mitt resultat på første økt i Open vart 13:39min, og eg er fornøgd med det! Det var heilt forferdeleg i dei siste to rundane, og hadde det ikkje vore for eit magisk publikum, så trur eg nok ikkje at eg hadde greidd å pressa på så hardt. Spesielt ettersom eg har hatt litt problemer med å dytte meg utafor komfortsona når det kjem til puls den siste tida, så gjer det meg letta og glad over at eg fortsatt har det i meg 🙂 

No gleder eg meg allereie til ei ny treningsveke, og til 17.2!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg