Be in charge

Mentalitet og mental trening har alltid fascinert meg, og eg ynskjer alltid å lære så mykje eg kan på nettopp det området. Det er så mange situasjoner i livet som kan få heilt andre sluttresultat avhengig av korleis ein tenker, og det ligger mykje kontroll i å vere bevisst akkurat her. Det er nemleg ikkje berre eit område av livet som blir påverka av vår mentalitet, det er alle. Det vil difor sei at måten du snakker til deg sjølv under trening, vil dra mange relasjoner til korleis du håndterer motstand ellers i livet. 

Det ligger mykje mental styrke bak gode resultater innan trening, og spesielt konkurranser vil utfordre ein på nettopp det området. No som konkurransesesongen for 99% av oss innan CrossFit er over, er det fint å evaluere sesongen og tenke over kva for mål ein ynskjer å sette seg for tida framover. Før ein gjer det må ein evaluere det som allereie har vore.

Det eg ynskjer at du skal spør deg sjølv, er om du har ein tendens til å uttale følgjande..

1. Kroppen min er ikkje bygd for å . . . . . (løpe, ta pull ups, muscle ups, snatch?)
2. Eg fortsetter å prøve, men eg ser aldri ut til å lukkast
3. Sånn som det ser ut no, så ser det ikkje ut til at eg nokon gong vil klare … Eg kan like godt berre gi meg no.
4. Eg trente hardt heile året, men eg vart uansett ikkje noko betre under Open i år samanlikna med ifjor.
5. Skaden min holder meg heile tida tilbake.
6. Eg har lyst til å ta alt Rx, men det ser aldri ut til å skje.

Dersom ein har trent ei stund, så er det heilt vanleg å ha tenkt sånne tanker, spesielt i CrossFit som setter krav til “så mykje”. Det eg ynskjer er at du skal bli litt meir bevisst på kor mykje du bruker eksempler som dei over, og at du prøver å heller snu om på det til noko meir positivt. Det betyr absolutt ikkje at ein skal måtte gå rundt å kun leike “frøken/herr positiv” heile dagen – det i seg sjølv vil slite deg ut – , men det er mykje som kan endre seg ved at du berre blir det bevisst. Dropp unnskyldningane, og finn heller ein måte du kan gjere ditt beste på for å nettopp bli betre innanfor målet ditt! Det handler om å gjere det ein har kontroll over 🙂 

Du har sikkert også opplevd å la deg distrahere av ting som er utanfor din kontroll? Enten det er å konstant sjekke leaderboard’en for å sjå om nokon har slått tida di på ei økt? Eller om det er å sjå om du har gjort det betre enn andre på dagens WOD? Kanskje du også følgjer med på tidlegare treningsvenner for å sjå om du fortsatt gjer det betre enn dei i feks styrke? 

Det er mange som henger seg opp i andre sine tall og resultater, og bruker enorme mengder med negativ energi på det. Slutt med det! Du tjener absolutt ingenting på å holde på sånn! Det vil kun ende med å ta fra deg di treningsglede, istadenfor at du kunne brukt energien på å fokusere på det DU kan gjere.

Så kva er det du har kontroll over?

Du kan kontrollere din innsats.
Du kan kontrollere din integritet.
Du kan kontrollere di holdning, din oppfatning og din reaksjon over ulike situasjoner.
Du kan legge inn arbeidet som trengs.

Kva er utanfor din kontroll?
Korleis andre trener.
Om nokon vedsidenav deg jukser på repetisjoner.
Kor mykje rivalen din snatcher.
Korleis resultatet vil ende opp i feks Open.

Eg tipper at det er fleire som føler seg truffen, og eg må innrømme at for første gong, så lot eg nettopp ting eg ikkje kan kontrollere ta styringa for korleis eg opplevde Open 2017. Eg har alltid hatt fokus på meg sjølv og min greie, men i år så lot eg meg påverke av korleis andre gjorde det. Det skal eg ikkje la skje igjen då det endte opp med å gjere heile CF Open og treninga til noko kjipt. Så om du har opplevd det samme, så håper eg at du tar utfordringa og gjer det samme! Gjer ditt beste, fokuser på det du har kontroll over, så vil du ende opp med både betre resultater og ein langt meir lystbetont treningsperiode! 🙂 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg