PT Small Groups – Personleg Trening i små grupper

Eg skal prøve meg på noko heilt nytt, nemlig “semi-privat trening” med ulike målsetninger! Personleg trening i grupper har lenge vore populært andre stader i landet, spesielt i Oslo, og eg ynskjer å gjere eit forsøk i “lille” Førde! 🙂 Den her måten å trene på passer for svært mange då det både vil vere rimelegare enn ved ordinære PT timer, men utan at ein mister god oppfølging, samt at det er fint for personer som vert motivert av å trene med andre. Eg ynskjer også å gi det “lille ekstra” og vil difor både lage ein treningsplan for samtlege deltakere, samt opprette ei eiga FB gruppe for dei som er med. Ved bruk av FB gruppe kan alle som deltar dele opplevelsen sin, og heile tida motivere kvarandre. Eg skal også bruke FB gruppa til å vere tilgjengeleg for spørsmål til 2 faste tider kvar veke. Det vil vere med på å gi ein følelse av “fulltids coaching” og på den måten hjelpe kvar enkelt å lukkast betre med måla sine!

Det her er noko eg har tenkt på ei stund, men eg har hatt lyst til å skreddersy planen før eg begynte å dele noko om det. No derimot er planen min klar, og eg har lyst til å sette i gong 2 grupper no i første omgang:

– Løpegruppa “Lettbeint!”
– Vegen til første pull up/kroppsheving

Meir informasjon om PT gruppa:

PT Small Groups er eit nytt treningskonsept hos Spenst Førde, og består av ei treningsøkt som blir tilrettelagt og leda av ein personleg trenar. Her får du ei effektiv treningsøkt saman med andre, i tillegg til den gode oppfølginga til ein personleg trenar. I PT small groups er det kun 6 deltakere per gruppe, noko som gjer at du vil få ein langt tettare oppfølging enn ved ordinære sal- og gruppetimer. Det som også skiller seg frå ein ordinær gruppetime er at du som deltaker i PT Small Group får eit individuelt tilpassa treningsprogram for heile treningsperioden (8veker). Det blir relevant testing for dine mål ved start og slutt av treningsperioden, samt at du får tilgang til ei lukka FB gruppe for akkurat di treningsgruppe der din PT vil vere tilgjengeleg for oppfølging/spørsmål to gonger per veke.

PT Small Groups passer for absolutt alle, og treningsøktene vil heile tida bli tilpassa etter personane som er i kvar enkelt gruppe. 

Vi ynskjer å satse på PT Small groups fordi:
– Det å trene ein-til-ein med Personleg Trenar ikkje passer for alle
– Vi ynskjer å hjelpe deg med å trene hensiktsmessig og sette treninga di i system, sånn at du på den måten oppnår resultater!
– Du vil få meir energi og glede av å kunne trene saman med andre, samtidig som du blir sett og veileda av ein PT.
– Vi ynskjer at du skal lukkast med måla dine.

Kven passar timane for?
– Deg som ynskjer å trene med PT, men som kanskje ikkje har råd til ein-til-ein timar
– Ynskjer å få satt treninga di i system
– Ynskjer å ta treninga di til neste nivå
– Er gått lei av det samme gamle mønsteret som du har akkurat no
– Er klar for å komme deg utanfor komfortsona, og utfordre deg sjølv litt meir.
– Foretrekker effektive treningsøkter
– Motiveres av å trene med andre som følgjer samme opplegg
– Ynskjer meir muskler, lågare feittprosent, betre kondisjon og ein meir gjennomtrent kropp


Alle som er med i løpegruppa vil få gode avslag på Vo2maks og laktat test i perioden!

Måten det vil foregå på er at vi vil ha ei fellestrening i veka, som består av ei gruppe på 6 personer med samme treningsmål. Perioden går over 8 veker, og du vil få tilrettelagt for ein treningsplan så lenge vi holder på. Det vil vere relevant testing under første treningstime, samt at du vil få gode rabattar relevant for gruppa som du deltar i. Det vil også bli oppretta ei hemmelig treningsgruppe på facebook som KUN er for personane i di treningsgruppe. Her kan deltakerane motivere kvarandre, samt at din PT vil vere tilgjengeleg 2 gonger per veke for å svare på spørsmål. Alt det her for kun 299,- per treningstime (spar 351,-)! 

Er du interessert, eller har spørsmål? Send ein mail til [email protected] og ta med følgjande informasjon:
– Navn
– Alder
– Kva gruppe du er interessert i (uthald eller styrke)
– Kva dag/tidspunkt som er mest aktuelt for deg

Eg har eit ynskje om å starte så fort som mogleg, og seinast i løpet av neste veke. Kanskje kjenner du nokon som du kunne tenke deg å delta med? Ta utfordringa og ta kontakt idag! 🙂 

 

2 kommentarer

Siste innlegg