Do what Rich is doing..

… Train with others!


Foto: Børje Fonn Skaar

Når eg trente ordinær styrketrening så var det lenge eg foretrakk å trene aleine. Eg plugga på hodetelefonane, slo på musikken og gjekk inn i mitt eige modus. Det fungerte fint for meg veldig lenge – heilt til eg fekk opp auga for CrossFit. Etter at eg la fokuset mitt på CrossFit så har det ikkje skjedd at eg har savna dei dagane der eg trente for meg sjølv. Mine beste treningsøkter er dei eg har saman med andre, det er dei øktene eg gløymer tida, det er dei øktene eg presser meg aller hardast og det er dei øktene eg oppnår best resultater. Og om du ikkje trur på meg, så kanskje Rich Froning sine eigne ord kan få deg til å endre meining? Han bruker det spesielt som eit verktøy ved trening på egenskaper han ikkje er størst fan av, som blant anna ved løping:

“I make people do it with me, so I’m not suffering by myself. And that helps me, because the competitive aspect comes out. I’m like, I don’t want to get beat, even though the running in itself sucks.” – Rich Froning

 

1 kommentar

Siste innlegg