CrossFit Community Rules

På ein CrossFit box vil det automatisk oppstå eit miljø ulikt det du finner på eit ordinært treningssenter. Her trener vi saman oftare, tettare og vi blir langt betre kjend enn det ein ville blitt med personer i ein styrke- eller aerobicsal. For at miljøet skal vere best mogleg, og for at du skal få dei resultata du er ute etter, er det difor ein del uskrivne regler som følgjer med treninga i ein CrossFit box 🙂 


Foto: Børje Fonn Skaar

#1. Vær ærlig både mot deg sjølv og andre. Sørg for at du er din eigen dommer under trening, og underkjenn dine egne no-reps. Sjølv om du får resultatet ditt på tavla eller i treningsapp’en så er det til slutt deg mot deg sjølv. For at du skal vite at du faktisk har forbetra deg så er det desidert viktigaste punktet at du er ærlig med deg sjølv under trening. Mange gløymer ofte at ei teknisk forbetring kan ha vel så mykje å sei som antall repetisjoner utført. Det eg meiner då er at du fort kan få mange no-reps i wall balls om du ikkje får hofta di under knehøgde eller om du ikkje treffer blinken. Dersom du likavel fortsetter å telle dei som godkjende vil du kun ende opp med å lure deg sjølv, og dermed unngå gleden når du endeleg får det til skikkeleg. 

#2. Gjer ditt beste på trening kvar einaste dag, og vær klar over at dagsformen din heile tida vil variere. Det gjer uansett ingenting, så lenge som du veit at du la inn den innsatsen som du var i stand til den dagen! 🙂 

#3. Ikkje vær ein dust. Enkelt og greit. Ha respekt for andre, for trenaren din og for utstyret. Enkelt og greit; ikkje vær ein dust. 😉

#4. Motiver personen vedsidenav deg! Det er vel difor du går på timer, for å pushe andre og for å bli pusha? Alle har behov for litt ekstra hjelp eller motivasjon til tider! 🙂 

#5. Vær sosial når du er på trening! Snakk med andre, ta del i ei økt saman, og introduser deg sjølv for nye medlemmer! 🙂 

#6. Dropp egoet ved døra, skaler når nødvendig og ha fokus på god utførelse før tunge tall! Vi trener for å bli betre, ikkje for å ende opp med skader.

#7. Tren på svakheiter! Det vil alltid dukke opp svakheiter i CrossFit, og det er din jobb å legge inn nok tid på nettopp desse dersom du ynskjer å bli betre. 

#8. Vær tolmodig! Ting tar tid – hvertfall gode resultater!

#9. Alltid sørg for å rydde etter deg 🙂

#10. Ikkje unngå WOD’er berre fordi du ikkje liker dei. Mest sannsynleg er det nettopp dei du burde prioritere 😉

#11. Kos deg på trening!

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg