Fordi eg elsker variasjon

og Silje er heilt rå på å gi meg det! 🙂

Eg er veldig glad i variasjon på dei fleste plan i livet, og går fort lei om eg ikkje får det. Primært så gjelder det innan trening, men det er også viktig i kvardagen min både når det kjem til kosthold, ommøblering i heimen og ikkje minst – frisyre! Det er ikkje lenge sidan eg var innom Silje sist, men då fargen hadde sluppe ein del sidan den tid bestemte eg meg for å høyre om vi ikkje kunne sette opp ein ny time 🙂 Etter mykje tenking og fram og tilbake la eg inn eit ynskje om ein kaldare ombre med fargen brun og lysare striper – gjett om eg fekk det som eg ville!

Sponset behandling


Sånn såg håret mitt ut når eg satt meg i frisørstolen – heilt utan nokon form for styling.

Silje starta med å bleike alt unntatt bunnen min, med beskyttelse ifrå OlaPlex for å skåne håret mest mogleg! Til tross for mykje behandling er hårkvaliteten fortsatt svært god, noko eg takker både eit godt kosthold, ein lidenskapeleg frisør og kvalitetsprodukter for! 

Etter bleiking var Silje i gong med å lage 4 ulike kombinasjoner til håret mitt 1 for hårbunnen og 3 ulike nyanser til striper – 2 mørke og 1 lys. Den behandlinga skulle eg sitte med i 1 time før det kun gjenstod å skylle, føne og style det! Og resultatet? Eg vil påstå at av alle stiler Silje hittil har gitt meg, så er det her min absolutte favoritt! 🙂 

Her har du fleire bildebevis!

Den her fargen har eg lyst til å beholde lenge og får å klare det valgte eg å kjøpe med meg ein “lilla shampo” i tilfelle den lyse fargen skulle bli mørkare med tida. Eg er også veldig opptatt av at hårkvaliteten skal vere best mogleg, så det var både hårkur og varmebeskyttande spray med meg heim igjen idag 🙂 Hårkuren bruker eg minst 1 gong per veke, medan varmebeskyttelsen sprayer eg i før føning og krølling/stritting av håret!


Hårkur, styling, varmebeskytter og “lilla shampo” 🙂 Du får alt hos Fresh Frisør!

 

4 kommentarer

Siste innlegg