Rather late than never!

Det har vore stille ifrå meg på bloggfronten dei siste dagane, og det er heilt utan nokon spesiell grunn. Dagane har ikkje vore noko særleg ulik andre, det har heller ikkje arbeidsmengda vore 🙂 Det har vel heller stått på litt mangel på inspirasjon om kva eg skal skrive om i det siste. 

I helga har vi vore opptatt med litt jobb, litt trening og ellers berre kost oss med familie og venner! På laurdag hadde vi blant anna Maraton Mix på Spenst med både CrossFit, spinning, zumba og mage/rumpe trening! Sjølv deltok eg på Zumbaen og fy søren for ein sveittefest det var! Eg var så kake at laurdagens treningsprogram måtte utsettast til idag 😉 Så i etterkant av dagens treningsøkt fekk eg også knipsa nokon bilder av ein mage complex som eg tok idag!

#1. V-ups
Ein øvelse som eg har delt mange gonger før. Her starter du i ein aktiv posisjon på rygg med kun nedre del av rygg og sete i kontakt med golvet. Derifrå skal du crunche deg sammen som ein “foldekniv” for å prøve å ta på tærna. Deretter skal du havne i startposisjon og gjenta. Utfør 8-10 raske repetisjoner.

#2. Leg crunch
Start som vist på bildet under, enten med armane i golvet eller foran deg. Derifrå skal du veksle mellom å trekke knea mot brystet og ha dei strake som på bildet. Utfør 15 repetisjoner.

#3. Hollow hold
Ligg som vist på bildet under, og sørg for at du strammer heile kroppen. Tenk at du presser navlen ned mot underlaget og skal “krympe” deg saman så godt du kan. Hold i 30 sekunder.

#4. Archer hold / Supermann hold
Motsatt av øvelsen over. Her ligger du på magen, og holder spenn i heile kroppen. Stram både rumpe og lår, samt løft armane i været. Hold i 30 sekunder.

#4. Plank Hold
Avslutt det heile med 60 sekunder i god gammaldags planke! 🙂 Blir det for lett kan du alltids legge på ei vektskive på ryggen!

Eg tok alle øvelsane totalt 3 gonger, med 10 sekunder pause mellom kvar øvelse. Brukte vel i overkant av 5 minutter på alt sammen 🙂 

1 kommentar

Siste innlegg