5 verstinger!

CrossFit er godt kjend med å ha svært mange tunge og krevjande treningsøkter. Spesielt gjelder det benchmarkøkter som The Girls og The Heroes, men vi har garantert alle ei eller anna økt som har svidd seg fast i hukommelsen som den verste! Eg har hvertfall mi, og det samme har 4 av mine CrossFit venner. Kanskje deler du samme meining med nokon av oss?

#1. “Kalsu”

For time:
100 thrusters @ 61 / 43kg

Start every minute with 5 burpees, then perform as many reps of thrusters as possible before the next minute.

Det tok ikkje meg lang tid å komme opp til at Kalsu er den verste økta eg hittil har måtte begitt meg ut på! Ikkje berre involverer den thrusters og burpees, men det er tunge thrusters, og det er mange av dei! Her er det like mykje viljestyrke som fysisk form som avgjer korleis resultatet ditt ender opp 🙂 

#2. “Karen”

For time:
150 wall balls @ 6/4kg

Even sin versting er The Girls økta “Karen”, og det forstår eg veldig godt! Wall balls inkluderer ikkje berre heile kroppen, men det er i tillegg nesten til å unngå at du ikkje opplever å få den skitne og tunge ballen smadra i trynet ditt eit par gonger iløpet av økta om du ikkje følgjer med. Det er få øvelser som er så mykje brukt for å utfordre og teste mental styrke, og om du vil gi den eit forsøk så er det berre å fyre laus på den økta her! Det beste av alt? Alt du treng er ein ball og ein vegg å kaste på!

#3. 5km row 

Roing er heilt klart ein øvelse som er til fordel for dei som når høgt over bakken. Det gjer ikkje Marita. Her har du ei dame som heller ville utført Murph med revna hender enn å låse seg til ei romaskin i 20-30 minutter. Hennar valg falt difor på 5km roing. Her har du nok ei økt som vil utfordre psyken nettopp fordi den inkluderer kun 1 øvelse, og den skal du utføre så raskt du klarer. Den går også over litt lengre tid, noko som gjer at du både må jobbe med tempo, sveitte håndflater og raskt ei rumpe som kan gå i dvale. Her er det kun deg mot klokka og romaskina. 

#4. “WES”

For time:
800m run w/bumper plate @10/5kg

Then:
14 Rounds for time of
5 Strict pull ups
4 Burpee box jump overs
3 Clean @ 84 / 61kg

Then:
800m run w/bumper plate @10/5kg

Den økta her tok vi nyleg ein søndag på boksen, og den skapte både smerte og god stemning.  Den var hvertfall ille nok til at den har grodd seg fast i minnet til May 🙂 

#5. “The Briggs”

For time:
2000m roing
150 Wall balls 9/6kg
100 Burpees
50 Thrusters 45/30kg

For det første så forventer ein at ei økt skal vere mildt sagt forferdelig når det er sjølvaste motoren av smerte som har satt den sammen. Det blir vel heller ikkje noko betre når den faktisk inkluderer ein bit av samtlege øvelser som er nevnt i øktene over? Haha. Her har du ein real utfordring! Anbefaler deg like sterkt å prøve den! 🙂 Eg forstår godt at PowerBunten Mattis valgte ut den her!

Har du ei økt som har grodd seg langt inn i ryggraden din? Del gjerne! Vi liker å utsette oss sjølv for den type smerte! 🙂 

 

4 kommentarer

Siste innlegg