Fredag Challenge!

Fredager er definitivt den beste dagen i veka, med både tunge treningsøkter, godt selskap og taco til kvelds 🙂 Det einaste som mangler for å gjere dagen heilt komplett, måtte vore å ha “late start” på jobb, og moglegheit til å sove litt ekstra lenge.
Kjenner eg meg sjølv rett så hadde eg vel hoppa utav senga i vanleg tid likavel! Fleire som har det sånn? 

Eg har dei siste helgene brukt å dele fredagsøktene som vi har på CrossFit Førde, men akkurat idag har eg ein annan utfordring til deg. Økta er meininga å gjere aleine, men er fint mogleg å ta saman med ein venn om du heller vil det! Alt du treng av utstyr er ei romaskin 🙂


Foto: Dieter

Økta skal gjerast “for time”, altså så raskt du klarer. Den er i pyramide form, med totalt to øvelser; roing for kalorier og burpees! 

50 – 40 – 30 – 20 – 10
Kalorier roing
Burpees

Så enkel, men også så definitivt ein sveittefest! Her veksler du heile vegen mellom å ro og ta burpees. Det vil sei at du først ror 50 kalorier, så tar du 50 burpees. Neste runde er det 40 kalorier og 40 burpees. Sånn holder du på heilt til du har fullført dei siste ti. Tipset mitt her må vere at du ikkje pumper deg heilt ut allereie på første runde med roing, men prøver å ligge så høgt du klarer utan å sprekke. Dei siste 2 setta er det berre å trøkke på gassen!
Eg har ikkje testa den ut sjølv, men det har eg store planer om å gjere. 🙂 

Ps. Kva synest du om den nye headeren min? Eg hadde ein liten test fotografering med Dieter igår, og eg rett og slett elsker resultatet!
God helg!

4 kommentarer
    1. Gøy med ny header! 😀 50 kalorier i roing i ett kjør, hjelp! Hehe. Kjørte 25 kcal row her om dagen, syntes det var mer enn nok av gangen! Hehe 🙂 Også burpees da…. Har ikke tatt til meg budskapet om at jeg burde elske dem, ikke helt enda hvertfall 😉

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg