Ta vare på kroppen din!

  •   

Eg føler meg veldig heldig som både jobber og trenar på eit senter der det sitter så enormt med kompetanse. 
Det er noko eg setter pris på når det kjem til det tverrfaglege samarbeidet i jobben min, når eg har kunder som kan ha trøbbel med smerter eller skader, og når det kjem til mi eiga trening. Trening er ekstremt bredt, og kroppen vår er ekstremt avansert. Det er umogleg for oss å vere best i alt, nemleg både i kva trening som passer for kvar enkelt, korleis forebygge, korleis rehabilitere og korleis diagnotisere riktig. Det er difor det er så viktig å utnytte kvar enkelt sin kompetanse.

Eg trener veldig mykje. Både når det gjeld hyppighet, volum og intensitet. Eg prøver heile tida å ligge i grenseland for kor mykje kroppen kan tåle utan at eg pådrar meg skader. Då er det veldig fint å ha fagpersoner på bygget som både kan hjelpe når det kjem til ei auke i restitusjon (som feks massasje), samt tips og råd om eg kjenner at noko ikkje er som det skal.  Eg synest eg kjenner kroppen min over snittet godt, og stort sett klarer eg å fikse det meste sjølv. Eg har likavel godt av å bli enda flinkare til å ta turen opp trappa til tredje etasje om eg merker uvanlege murringer i kroppen pga høg treningsbelastning.

Etter 1-2 veker med smerter i høgre skulder tok eg til vett og bestilte både massasje hos Sunnfjord Spa med fysioterapeut Nora, samt ein sjekk hos Akupunktør Harald Grytten. Massasjen gjorde allereie underverker, og Nora kom med mange gode tips medan ho jobba med problemområda mine. Hos Harald fekk eg ein fullstendig sjekk av skulder, samt mykje god informasjon. Eg hadde rett i at både skulder og trapezius hadde behov for litt ekstra omtanke, men med unntak av litt “heimeoppgåver” kunne eg fortsette som før 🙂 

Poenget mitt med innlegget er at kroppen toler veldig mykje, men om du merker at noko ikkje er som det skal så er det betre å ta ein sjekk for mykje enn ein for lite. I tillegg er det lett å undervurdere kor viktig det er å gi kroppen den kvilen den treng og ei gradvis auke i treningsbelastning. Det er også mange gode ting du kan gjere for restitusjon og prestasjon både når det kjem til søvnkvalitet, kosthald, anti-stress, massasje, tøyning og anna. Det er heller ingen nytte å spørre fagfolk om råd, om du berre gjer det motsatte av det du får beskjed om! 🙂 

Ha ein fin søndag – her i huset er det kvile som står på planen! 🙂

    1. Hei Synne! Eg ville berre gi beskjed om at når ein går inn på ein av innlegga dine so skjer det eit eller anna som gjer at eg berre seg halve innlegge. Kan det vera noko som er feil i designkodane? Alt er som det skal når ein går inn på lill3rip3.blogg.no, men når ein trykker inn på eit konkret innlegg (noko eg alltid gjer sidan eg brukar bloglovin) so skjer det som eg nevte over.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg