Ingen tid til trening?

I spørsmål om kvifor nokon vel å ikkje trene, så er svaret at ein ikkje har tid eit veldig kjend fenomen. Eg veit veldig godt at ting kan bli ekstremt hektisk både med så mange som pendler, har ein høg arbeidsbelastning eller er aleinemor/far. Sjølv har eg “berre” meg sjølv å forholde meg til, og det er eit bevisst valg eg har tatt foreløpig. Det betyr likavel ikkje at ein ved å velge det eine, må velge vekk det andre. Absolutt alle har godt av å legge inn faste treningsrutiner i kvardagen uavhengig av familie og/eller jobb situasjon. Idag skal eg difor prøve å komme med forslag til løysinger ved ulike dilemmaer.

#1. Ein har eit fysisk krevjande arbeid
Dersom jobben du har er svært fysisk, så kan eg også nesten garantere deg at den består av ein stor dose med einsformig belastning. Det kan fort føre til plager som følgje av muskelubalanser, og problemer med rygg, kne eller skulder er gjenganger. Her vil det til tross for stor mengde med aktivitet vere lønnsomt å få inn styrketrening for å jamne ut styrkeforholdet. Det å fokusere på heilkropp med litt ekstra fokus på kjernemuskulatur vil absolutt lønne seg. Mest sannsynleg vil heller ikkje lungene dine jobbe på spreng, så det å legge inn litt kondisjonstrening vil heller ikkje vere noko du tar skade av 🙂 Husk at alt hjelper på, om det så er 1 eller 2 dager i veka.

#2. Du er aleine mor/far.
Det å ha unger er svært krevjande, og spesielt om ein er aleine. Det vil også vere veldig ulikt korleis arbeidssituasjon, hjelp til barnepass og liknande vil vere. Eg vil difor komme med fleire forslag til løysinger.
– Ta med ungen på feks mor og barn time dersom det er noko du har tilgang på der du trener
– Tren styrketrening i heimen, der du bruker feks ungen som vekt. Her får du trening og sosialisering i eitt! 
– Kombiner joggeturer med trilleturer, og bruk vogna for det den er verdt
– Ta deg ein fjelltur med ungen i sele/bæremeis
– Sjekk ut moglegheiten for barnepass der du trener, stort sett er det eit tilbud både på dag- og kveldstid
– Kanskje den andre forelder, ei bestemor eller ein venn kan stille som barnepass ei fast tid i veka? 
– Dersom ungen er veldig liten, kan du ha med han/ho i bilsete på trening, så lenge senteret tillater det

#3. Ein sliter med tidsklemma pga pendling
Det er veldig mange som pendler til jobb, og eg er sjølv ein del av desse. Det kan fort bli lange dager på jobb, og i kombinasjon med 25minutter kvar reiseveg, så blir det fort seint før ein er heime. Då er nok ikkje det å i tillegg skulle legge inn ei treningsøkt det mest fristande. Om du er i den situasjonen så vil eg absolutt anbefale deg å legge inn ei økt eller to i veka, nettopp for å bruke trening til å danne deg overskot i kvardagen. Her kan det vere lurt å legge treninga tidleg på morningen for å slippe unna morgenrushet, og føle deg fresh resten av dagen. Då slipper du også å sitte å psyke deg opp på ettermiddagen, når det som ofte frister mest er å legge seg på sofaen heime. Pakk treningsbagen kvelden før, sett på vekkerklokke og sørg for at du har nistepakken klar! Eg lover deg ein betre start på dagen!
Om ikkje alternativet over passer, kva med å gjere unna litt jobb medan du reiser? Dersom du køyrer bil kan det vere å ta nokon telefonsamtaler, medan om du tar buss eller tog har langt større moglegheiter både med å skrive, svare på mail osv. På den måten kan du kanskje opparbeide deg flex til å trene i feks lunchen? Eller gå ein time tidlegare fra jobb og på den måten rekke ei effektiv treningsøkt?

#4. Mangel på overskot
Dersom du absolutt ikkje føler nokon form for overskot til å klare å trene, då ville eg ha evaluert kvardagen din både mtp søvn, kosthold og stress. Evaluer, juster og sett av tid! Allereie etter ei veke med endringer vil det gi merkbare resultater i energinivå, og søvnen vil bli enda betre. Dersom du er plaga med svært mykje stress i kvardagen, så kan også treningsformer som Yoga vere perfekt for deg. Alt du treng å gjere er å bestemme deg for å prøve!

Har du ein utfordring som eg ikkje har nevnt over? Eller har du funne deg nokon smarte løysinger som har fungert for deg? Del gjerne! 🙂 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg