Restitusjon og velvære, den perfekte kombinasjon

  •   

Reklame


Nora og Mariel, alltid like blide når ein ankommer resepsjonen 🙂

Med torsdag som kviledag, er det ingenting som passer betre enn litt triggerpunktsmassasje hos Nora på Sunnfjord Spa. Både stress, arbeidsstilling og trening setter sine spor på muskulaturen, og spesielt nakke, rygg og skuldre har godt av litt ekstra pleie med jamne mellomrom. Sjølv om eg er flink å gjere mykje med rulle og ball, så har eg også behov for massasje ifrå Nora, som i tillegg er utdanna Fysioterapeut. 

Etter lekser ifrå Harald Grytten, har eg no hatt min andre massasje på under to veker, og det merkast godt!
Forrige fredag var min aller første time med Nora, og eg følte meg skikkeleg stjerne behandla. Praten gjekk i eitt, og eg fekk mange gode tips relatert til skulderhelse retta mot akkurat meg. Ho har også den perfekte balanse mellom velvære og intensitet i massasjen sin, så du merker at ho løsner godt opp knutane, men utan at du ligger å spenner deg og sliter med å puste. Det er kjempe viktig for meg, for ellers vil massasjen verken ha noko for seg, samt at det er liten sannsynlegheit for at eg kjem igjen. 

Ein annan ting som er veldig fint å vite, det er at du sjølv kan velje fokusområde på massasjen din. Eg har prioritert overkroppen då det hos meg er den som treng det mest, men her er det du som er sjefen. Om du er usikker på kva du har behov for, så lar du berre Nora avgjere det. Ein ting er sikkert – ho kan sine ting! 🙂 

Det er også med massasje som med tøying, og det er betre med litt ofte enn med store skippertak sjeldan. For nokon kan det vere lurt å ha ein intensiv periode i starten, for deretter å komme tilbake med jamne mellomrom feks ein gong i veka, mnd eller anna. Det som er fint er at du også kan velje mellom ulik varighet. Om du er like rastlaus for meg, og synest at 60 minutter kan bli for lenge, så har dei både 30 og 40 minutter også! 

Ein ekstra ting eg vil skryte litt av, det er kor flink Nora og Mariel er til å stille opp. Når eg forrige helg ringte for å bestille duo massasje, klarte dei fint å ordne det til så vi kunne komme direkte ifrå jobb, etterfulgt av burger servert av hotellet. Her snakker vi full pakke når det kjem til service!

Så om du har lyst/behov for ein massasje i helga, så er det berre å ta kontakt via nettsida deira eller tlf, så kan du få deg ein time allereie idag eller imorra 🙂 

www.sunnfjordspa.no / tlf: 57 83 40 50 eller mail: [email protected] 

 

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg