Team Friday!

Etter ei ekstremt hektisk jobbhelg forrige veke, var det deilig å kunne runde av dagen kl15 igår!
Det er veldig mykje kjekt som skjer om dagen, men dagane blir fort veldig lange, og når fredagen kjem kjenner eg på at eg verkeleg begynner å bli tom for batteri. Då er det utruleg stusselig å skulle trene aleine, og difor ekstra kjekt å kunne delta på Team Wod på CrossFit Førde 🙂 Eg merker at uansett kor trøytt, sur eller sliten eg er når den timen starter, så blir det alltid ei skikkeleg god og kjekk treningsøkt! Det er difor ingen grunn til å halde seg heime sjølv om du er sliten etter ei lang arbeidsveke – kan eg, så kan du også!

Gårsdagens Team Wod var på 25 minutter, og vi var sammen 3 stykker. Det fungerte veldig bra! 🙂 

25 minutter AMRAP med:
30 Squat Snatches
30 Clean
30 Cal row
30 Synkroniserte bar facing burpees

Squat snatch og clean delte vi på 3, medan vi rodde 15 cal kvar og tok burpees i lag 🙂 Nok ein kjekk og effektiv fredag i godt selskap! Om du lenge har tenkt på å gå på økta, men ikkje har nokon å reise med så er det heller ingen fare. Her er det alltid nokon å vere partner med, og om det ikkje går opp i partall slenger vi berre sammen eit lag på 3. Alt ordner seg 🙂 

Obs. Om kort tid starter eg å blogge på mitt eige domene www.synneripe.no 🙂 Her blir det veldig mykje spennande i vente, så berre følg med!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg