AB complex with bumper plate!


SportsBH er i merket “Vull” og kan kjøpast hos www.FlexFit.no 

Laurdagsøkta vart avslutta med litt mage! 🙂 
Eg trener fast mage på mandager, onsdager og laurdager, medan alt ekstra eventuelt blir ein bonus. Det som er viktig for meg når eg fokuserer på magetrening er 1) øvelser som gir god kontakt, 2) god variasjon og 3) øvelser som vil hjelpe meg med både å forebygge skader samt prestere enda betre. Spesielt øvelser som går over hodet, er dei eg føler meg mest “utsatt”, og har høgst behov for å ruste meg mot. Enda meir utfordrande er det med øvelser som utsetter ei side om gongen ekstra mykje, så eit fokus på både dei rette og dei skrå musklane er for meg difor viktig. 

Idag får du ein mage complex som ivaretar nettopp desse, i tillegg til at dei er lystbetonte (altså kjekke) å utføre 🙂 Om du vil ha enda meir motivasjon kan du gjere dei saman med ein partner!

Øvelse 1 – Skyv og drag av vektskive

Start i plankeposisjon med ei vektskive foran deg. På bildet har eg brukt ei 5kg plate 🙂 
Utfør først 10 repetisjoner der du skyver plata vekk ifrå deg med høgre arm, for så å dra den til deg igjen med venstre. Etter 10 repetisjoner gjer du motsatt, skyve med venstre og dra med høgre arm. Her kan du auke antall repetisjoner eller vekt for å gjere den tyngre, eller motsatt for å gjere den enklare. Om du treng det kan du også legge inn ein liten pause før du bytter arm 🙂 

Øvelse 2 – Russisk vri med press

Mange kjenner sikkert igjen øvelsen “båten”. Det er posisjonen du skal starte i, men med ei vektskive i armane. Her er det akkurat som ved utførelse av “Russisk vri” der du skal rotere vektskiva ifrå høgre til venstre side, men med eit tillegg av ein press i midten av øvelsen. På den måten får du utfordra stabiliteten enda meir, i tillegg til litt skulderpump. Dess lengre unna du ligger med hode og tær, og dess tyngre vekt du bruker, dess vanskelegere blir øvelsen 🙂 

3 til 4 sett med 20 repetisjoner per øvelse gjer fort susen, om du i tillegg utfører dei som eit supersett! 🙂 

No blir det vennekveld med spel og god mat på oss resten av kvelden! 🙂 Ha ein fortsatt fin laurdag, og ei riktig god helg!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg