RestDay – What to do?

Det er faktisk sånn at for nokon så er det å skulle ha ein kviledag utruleg vanskeleg. Ein kan bli rastlaus, i dårleg humør eller rett og slett føle stor trang til å ha noko å aktivisere seg med. Ingen har godt av å gi gass kvar einaste dag, 7 dager i veka, 365 dager i året. Det vil ikkje lønne seg verken når det kjem til framgang, overskot, humør eller dei rundt deg 🙂 Så kva kan du gjere på ein kviledag for å unngå å springe ned veggane rundt deg?

#1. Gå ein tur
Sjølv om ein har kviledag kan ein fint vere i aktivitet, men intensjonen er at intensiteten er lågare enn ved trening ellers. Å gå ein tur i fin natur med godt selskap har du berre godt av 🙂 

#2. Ta ein tur i svømmehallen
Enten berre for å få ut litt energi, eller ha det litt kjekt med familie eller venner. I Førde er eg faktisk overraska over kor mange som bruker søndagen sin her!

#3. Vask huset!
Det er utruleg kor effektiv ein plutseleg blir med husvasken når ein har energi ein ynskjer å få ut 🙂 Kanskje det hadde vore på tide med ein skikkeleg opprydding i klesskapet, eller organisering av kjøkkenet? Sett på god musikk og iverksett.

#4. Planlegg!
Enten det er å planlegge middagen for den kommande veka, treninga som kjem eller julegavelista for i år, så kan det fort bli eit kjekt tidsfordriv 🙂 

#5. Ha ein Spadag!
Skrubb, vask og behandle alt i frå slitte tupper til negler og tørr hud. Gjer underverker for både kropp, energi og humør 🙂 

#6. Lag matpakker
Søndager er den perfekte dagen for å forberede vekas matpakker. Du får ut energi, i tillegg til at du sparer mykje tid i veka som kjem.

#7. Leit fram ein ny serie!
På søndager er absolutt alt lov, og om du berre ynskjer å ha ein dag i sofaen foran TVen så er det heilt greit meiner eg 😉 

#8. Bak!
Er du glad i å bake? Kva med å gjere søndag til fast bakedag? Enten det gjelder matretter eller søte desserter, her er det du som lager reglane. Om du ikkje er den mest kreative sjølv, så er det nok av blogger du kan hente inspirasjon ifrå 🙂 Eg liker sjølv å følgje med på feks www.LindaStuhaug.blogg.no


Bildet er henta ifrå Linda Stuhaug sin blogg 🙂 

Kva er dine perfekte planer for søndagen? 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg